Vedlagte foto som viser fram- og bakside av konvolutten som har gått frå Uvdal (”Opdal”) via Kongsberg til Karlstad, er stempla på Kongsberg 6. januar 1879 og i Karlstad 7. januar 1879.
A. Var det vanleg på denne tida å stemple brev både på sendarstad og mottakarstad?
B. I tillegg til Kongsberg- og Karlstad-stempel er det også eit anna stempel på baksida av konvolutten: ”PKXP.NR.7.NED 7/1 1879”. Kva tyder det?
På eit anna brev eg har, men som har gått frå Karlstad til Kongsberg, ser det ut som det står ”PK[...] OPP 31/7 1881”.
Elles viser eg til brukarforumet i Digitalarkivet: 76669: Filateli – brev og stempel Kongsberg til Karlstad 1879