frimerker og postkort som kultur og hobby
Med stor overrasking har eg funne desse merka ved gjennomgang av nyinnkjøpt materiale. Bokstavane O.A. i overtrykket har bytta plass. Eg har sett mange tusen av desse merka, men eg skvatt då eg såg denne. Ingen har nokon gong tidlegare skrive om denne varianten. Omsetningsavgifts-merka har utallige variantar, eg prøvar no å lage ein oversikt, men kva skal vera kriteriet for ein variant? Denne varianten er i allefall klart synleg og lett å beskrive. Dei mange andre variantane på merka finn me gjentatt gjennom mange år. Denne varianten er funnen i ein kort tidsperiode på tre månadar.
Min teori er at hverken trykkeriet eller Direktøren for tobakkbeskatningen m.v. , som var han som utlevera avgiftsmerka til brukaren, har sett feiltrykket. Så har nokon gjort dei oppmerksame på det og då har Direktøren fjerna alle ark eller merker med denne varianten. Varianten er funnen på tre verdiar. OA-56 Kr 5.00, OA-58 kr 50.00 og OA-69 kr 100.00. Avgiftsmerket med verdien kr 100.00 er på faktura av 29.4.1952 og merket med kr 5,00 er stempla 14.7.1952 Det siste merket er i ein vannrett 10-blokk. Det kan plassere A.O.-varianten i den midterste kolonna.
God jakt!
Nummereringa er henta frå The Revenue Stamps of Norway and Related Non-Fiscal Issues, av Bjørn Kristian Wang 2007.
Sjå også facebook: Revenue Norway Stempelmerker
Merker:
Velkommen til
Frank E Ring
Registrer deg
eller logg inn
83 medlemmer
66 medlemmer
57 medlemmer
55 medlemmer
46 medlemmer
34 medlemmer
30 medlemmer
30 medlemmer
© 2024 Created by Marius. Drives av