Hei!
Er ny på dette forumet, og tenkte eg skulle presentere meg sjølv. Er ein heiltids "filatelist", som det heiter..
Har samla på ulike måter gjennom livet. Starta som generalsamlar av heile verda, som liten gut elska eg å gå til bokhandelen og kjøpe nye pakkar med frimerke, som eg sorterte og drømde meg vekk i den store verda.
Seinare gjekk eg over til generelle landesamlingar, og samlar Norden/Skandinavia. Har stort sett fått fyllt alla tomme luker i dei fleste album, og lurte på kva eg skulle gjere no..
Gikk over til berre å samle Norge, og droppa dei svenske bandmerka og dei danske kvadrata.
Først var det lux som gjaldt, og det var moro i starten. Men snart så fikk eg problem, merka blei uhyggelig kostbare, og ofte var det berre Bergen, Oslo og Trondheim som blei tilbudt. Dette blei kjedelige samlingar, fleire merker etter kvarandre stempla på same staden er ikke noko særleg.
Eg tenkte over kva som var meininga med dette, var eg frimerke samlar, eller samla eg på stempelavtrykk? Var det ikkje merkebildet som burde vere i fokus?
Eg hadde alltid likt bruksmerker betre enn særmerker. Det var noko særskildt med lange seriar som strekte seg over fleire år. Spesielt ståltrykk syntes eg var vakkert. På 90 talet kom det mange nye opplysningar i norgeskatalogen som fastslo ulike papirtyper på desse merka. Eg fann fram analyselampa og satte i gang. Etter ei stund var det andre som kasta seg på dennne bølga, og merkene blei dyre igjen (virkar som det har stabilisert seg no). Dessuten kom "klistre frimerkene". Dei likte eg ikkje, så då gadd eg ikkje fortsette med det.
Eg hadde haugar med dubletter frå alle perioder, og lurte på kva eg skulle bruke dei til..
Variantar, vannmerke og typar blei neste punkt på programmet. Kjøpte inn handbøker, og satte i gang. No er det berre dette eg fokuserer på, og primært perioden 1895-1940. Men har ein forkjærlighet for dyptrykk, sidan den første perioden er full av variantar.
Variantar har liten fokus i Norge, og det er lett og ofte billig å få tak i sjeldne variantar. Ikkje som i Danmark, der variantar har høg status. Og det fins studiegrupper der ein kan melde inn nye variantar.
Eg har funne så mange nye variantar at eg føler at eg bør opplyse om dette, men veit ikkje til kven.
Har også funne eit par ukjende vannmerke posisjonar, og lurer på korleis eg skal melde frå om dette.
Held på med nk 382 (verdenspostforeningen 75 år, 40 øre) no. Det viser seg at eg har funne 40-50 nye variantar. (to eller fleire av kvart). Dersom dette blir kjent, opnar det seg opplatings muligheter for dette merket.
Mulig det også er to typer på dette merket, men treng bekreftelse. Var to leveranser...
Treng tilgang på heilark for å bekrefte posisjonar, ein god skann kan kanskje vere brukande. Er takknemlig for innspel.
Skal prøve å få skanna inn dette, om det er interesse..
Du må være medlem av Frank E Ring for å kunne legge til kommentarer!
Bli med Frank E Ring